Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Innhaldsrikt kulturtorg opna

Kulturtorg 2013 blei opna tysdag, med eit mangfald av presentasjonar og framsyningar. Kulturarbeidarar og skulefolk m.m. frå dei fleste kommunane i fylket deltek.

Les meir

Klart for Kulturtorget 2013

22. - 25.januar samlar Kultursekken 300 deltakarar frå heile fylket til Kulturtorg i Molde.

Les meir

Kartlegging av kulturnæringa i Møre og Romsdal

Menon Business Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune v/ kulturavdelinga, utarbeidd ein rapport om kulturnæringane i fylket. Her kan du lese eit samandrag.

Les meir

Lyser ut forskingsmidlar til samisk kultur

Det er no lyst ut forskingsmidlar til forskingsprosjekt innan “samisk identitet, kultur og næringsutvikling i eit digitalisert kompetansesamfunn”. Utlysinga er eit samarbeid mellom Regionalt forskningsfond Midt-Norge, Nord-Norge og Innlandet. Søknadsfrist er 13. februar 2013.

Les meir

Felles løft for kulturnæringane

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer no for alvor å løfte fram kulturnæringane i fylket. Regional- og næringssjef Bergljot Landstad og fylkeskultursjef Arvid Blindheim slår seg saman om eit program som skal opp til politisk behandling utpå våren 2013. Innovasjon Norge er også med på laget.

Les meir

Kulturtorg 2013

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer på nytt alle som arbeider med Kultursekken til KULTURTORGET 2013!
Vi arbeider med eit program som blir fullt av godbitar og produksjonar av alle kulturelle slag.

Les meir

Fem kunstnarar tildelt kunstnarstipend for 2012

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i går å tildele kunstnarstipend til fem kunstnarar som bur og verker i Møre og Romsdal.  Dei fem kunstnarane som er tildelt stipend for 2012 er: Are Pilskog, Ine Harrang, Magnhild Opdøl, Martin Due og Simon Wågsholm.

Les meir

Fylkeskulturprisen 2012 til Ola Gjendem

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2012 til Ola GjendemfråMolde.

Les meir

Møte i kultur- og folkehelseutvalet 12. november

Framtidig organisering og lokalisering av Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal, tildeling av kunstnarstipend 2012 og Fylkeskulturprisen 2012 er mellom sakene kultur- og folkehelseutvalet skal behandle måndag 12. november.

Les meir

Arbeidsplasskonsert med Møremusikarane

Frå hausten 2012 startar vi opp ein konsertserie der Møremusikarane spelar på arbeidsplassar etter ønskje frå bedrifta eller organisasjonen.

Konserten kan spelast overalt på arbeidsplassen der folk samlast - i verkstedshallen, i kantina, store møterom, i kontorlandskap eller auditorium.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.