Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Nye midlar til lokale kulturminneplanar

I samband med prosjektet Kunnskapsløftet for Kulturminneforvaltninga lyser Riksantikvaren ut midlar til utarbeiding av lokale kulturminneplanar. Kvar kommune kan søke om inntil kr 100.000,-. Det er også muleg å samarbeide med andre kommunar, museer eller andre kompetansemiljø.

Søknad må innehalde informasjon om organiseringa av arbeidet, namn på deltakarar, budsjett og finansiering, og sendast Møre og Romsdal fylkeskommune innan 7. februar.

Les meir

Freding av Dalen gård i Kristiansund

Dalen gård med bygningar, hage og tun er ein godt bevart lystgard frå slutten av 1700-talet. Garden blei etablert som eit løkkebruk for den skotske kjøpmannen Walter Miln, og er eit godt døme på korleis impulsar utanfrå påverka den lokale byggeskikken.

Tunet er no freda. Les meir på Riksantikvaren sine heimesider

Les meir

Arbeidsplasskonsertar

Møremusikarane har starta opp eit nytt tilbod til befolkninga i Møre og Romsdal. Arbeidsplassar over heile fylket kan bestille konsert i arbeidstida for dei tilsette og både offentlege og private arbeidsplassar kan kjøpe konsertane.

Les meir

Fantastiske omtalar for SNEIS

I sommar slapp Møremusikargruppa Fjord og Fjell frå Sunndal CDen "SNEIS".

Les meir

Fylkeskulturprisen 2013 til Ungdomslaget Fram

Ungdomslaget Fram mottok i dag fylkeskulturprisen 2013 av fylkesordførar Jon Aasen og leiar av kultur- og folkehelseutvalet Kristin Marie Sørheim under opninga av fylkestinget.

Les meir

Bokbåten Epos nominert til «Årets bibliotek 2013»

Å bli kåra til "Årets bibliotek" er det største eit norsk bibliotek kan oppnå. Totalt fekk juryen inn 17 nominasjonar, og av desse er det no tre bibliotek som kjemper om den gjeve tittelen; Bokbåten Epos, Time- og Nesodden bibliotek.

Les meir

Severinbrauta i Norddal er freda

Severinbrauta i Norddal er freda av Riksantikvaren som eit svært godt bevart døme på ein husmannsplass frå 1870-talet. Anlegget er heilskapleg, med både bygningar, hage og slåtteng.

Les meir på Riksantikvaren sine sider

Les meir

Likestillingsprisen 2013 til NHO Møre og Romsdal

Likestillingsutvalet har i år tildelt likestillingsprisen for 2013 til NHO Møre og Romsdal sitt program Globale Future. Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein pris til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremje likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter, utan omsyn av kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språk.

Les meir

Kulturtorget 2014

Velkommen til Kulturtorget 2014!

Kva skal fylle Kultursekken i skoleåret 2014/2015?

Frå 29.-31. januar presenterer Kultursekken aktuelle produksjonar for neste skoleår.

Les meir

Foreslår fast årleg tilskot til SEANSE

Seanse, senter for kulturproduksjon i Volda, er foreslått eit fast årleg driftstilskot på 1 mill. kroner i framlegget til Økonomiplan 2014-2017.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.