Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Møte i Kultur- og folkehelseutvalet 5.mars

Bibliotekutvikling i Møre og Romsdal, spelemidlar til anlegg for idrett og friluftsliv 2014 og opera- og kulturhus i Kristiansund, er mellom anna sakene som utvalet skal behandle.

Les meir

Finansiering av nytt opera- og kulturhusbygg i Kristiansund

Onsdag 5. mars skal Kultur- og folkehelseutvalet handsame søknad frå Kristiansund kommune om deltaking i finansiering av nytt opera og kulturhusbygg i Kristiansund.

Les meir

Auke i talet på søknader til spelemidlar

På trass av stort etterslep, berre 20 % av dei som har søkt har fått tilsegn dei siste åra, så har vi greidd å oppretthalde og auke talet på søknadar.

Les meir

Satsar offensivt på framtida

Frå 1.juni kan folk i Møre og Romsdal låne e-bøker på nettbrett og smarttelefon på folkebiblioteka. Satsinga er eit spleiselag mellom fylkeskommunen og dei 36 kommunane i fylket vårt. Dette betyr at alle med lånekort i eit folkebibliotek i fylket, fritt kan låne av denne samlinga.

Les meir

Årsrapport for kulturavdelinga 2013

Fire K-ar framstår som viktige for ei god utvikling i Møre og Romsdal: Kunnskap, kompetanse, kreativitet og kultur. I eit utviklings- og likestillingsperspektiv underbygg forsking at desse faktorane er avgjerande for at vi skal nå våre målsettingar om vekst og utvikling i Møre og Romsdal og for å vere eit attraktivt fylke for alle.

Les meir

Kulturtorget 2014 i gang

Onsdag starta Kulturtorget i Molde. Kulturtorget er ei nettverkssamling for deltakarane i Kultursekken, og tanken bak er at dei skal få sjå dei nye produksjonane som er planlagd inn i neste skule- og barnehageår. 

Les meir

Valkyrien Allstars og Hekla Stålstrenga til Kulturtorget

Kommande onsdag møtest kulturkontaktar frå heile fylket, til framsyningar av produksjonar innan ytringsformene film, kulturarv, litteratur, musikk og scenekunst på Kulturtorget. Nokre av høgdepunkta i år, er kjente musikarar som Hekla Stålstrenga, Valkyrien Allstars og Hedvig Mollestad trio. Møre og Romsdal fylkeskommune er arrangør for Kulturtorget 2014, som finn stad i Molde 29. – 31. januar.

Les meir

Høgdepunkt i kø på Kulturtorget for vgs!

Kulturtorget 30.-31.januar i Molde er visningsarenaen for Kultursekken. Programmet er fullt av høgdepunkt, vi nemner: Hekla Stålstrenga, Polkabjørn og Kleine Heine, Streetart og Valkyrien Allstars!

Les meir

50 åringen Epos klar for ny sesong

Bokbåten Epos legg ut på ny tur i Møre og Romsdal tysdag 14. januar. I løpet av dei påfølgande 24 dagane, skal 69 stader få besøk. Nye stopp i år er Vartdal og Åfarnes. I fjor haust feira båten 50-årsjubileum. Sidan det i år er 50 år sidan bokbåttenesta starta i Møre og Romsdal, vil jubileumslogoen også prege båten i 2014.

Les meir

Nettverksseminar 13. februar 2014 - analyser av kulturmiljø og kulturlandskap

I samband med kulturminneplanarbeidet i kommunane, vil Møre og Romsdal fylkeskommune invitere til eit nytt nettverksseminar den 13. februar 2014 i Molde, kl. 10.00.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.