Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Over 6,4 millionar i tilskot til kulturbygg

Kultur- og folkehelseutvalet fordelte i møte 4.september i overkant av 6,4 millionar kroner til sju kulturbygg i Møre og Romsdal. 

Les meir

Korleis få spelemidlar?

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal idrettskrets skal i veke 37 og 38 halde informasjonsmøter for kommunar, idrettslag, idrettsråd, regionale særidrettar og andre om spelemiddelordninga og endringar for 2014.

Les meir

Møremusikarane som tonefølgje til Bjørnsonfestivalen

Møremusikarane har fått ein særskilt plass under Bjørnsonfestivalen i år. Dei skal være tonefølgje til mange av Bjørnsonfestivalens arrangement, i tillegg til å ha eigne konsertar.  –Slik vil publikum få høyre flott musikk fletta inn fleire av dei litterære programma, seier Lene Torgersen Mordal i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Les meir

- Spelar utruleg stor rolle

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut kunstnarstipend.
- Når det gjeld å utvikle seg kunstnerisk, spelar det ei utruleg stor rolle fordi ein får tid og moglegheit til å realisere idear og prøve ut nye ting, fortel jazzpianist Arne Torvik. 

Les meir

Vil du lage vandreutstilling for barn og unge?

100 000 kroner blir no lyst ut til produksjon av ei eller fleire vandreutstillingar innan fire område:

Les meir

Kystpilegrimsleia – prosjektstart og pilegrimsseilas

Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med fleire andre fylkeskommunar og bispedøma langs kysten, starta prosjektet Kystpilegrimsleia. Målet med prosjektet er å etablere ein pilegrimsled langs kysten innan tre år. No startar arbeidet med å få på plass en kystled. Dette inneber kartfesting og merking av leden, grunneigaravtalar og tilrettelegging av egna overnattings- og serveringsstadert. I sommar blir oppstart av arbeidet markert med mellom anna ein pilegrimsseilas.

Les meir

No kan du låne e-bøker på biblioteka i fylket

Frå og med i dag, onsdag 18.juni, vil biblioteka i Møre og Romsdal tilby e-bøker til lånarane sine. Med appen eBokBib kan du få tilgang til ca 420 ulike bøker rett på nettbrettet og smarttelefon.

Les meir

Lyser ut startstipend til kreative talent

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil 4 startstipend á 200 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som ønskjer å satse på eigen næring i Møre og Romsdal.

Les meir

Momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliarder kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2014.

Les meir

Tilskott på over 60 millionar til idrettsanlegg i fylket

Under møtet i Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal onsdag 4. juni skal det fordelast over 60 millionar spelemidlar til idretts- og friluftslivsanlegg i kommunane i fylket.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.