Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Møte i kultur- og folkehelseutvalet 22.oktober

Regionale utviklingstrekk 2014, Tilskot til kommunar i God Helse partnarskapet som har vakant folkehelsekoordinatorstilling og Frivillighetsprisen 2014, er mellom anna sakene som utvalet skal behandle. 

Les meir

Lyser ut kr. 1 mill. til nytt pilotprosjekt «Frå gråpapir til galleri»

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge lyser ut kr. 1 000 000 til prosjekt «Frå gråpapir til galleri». Vi ønskjer å gi unge kunstnarar høve til å ta i bruk ledige forretningslokale i sentrum av byane Kristiansund, Molde og Ålesund til galleri der dei kan vise fram kunst/talent/produkt.

Les meir

Børre Thorsen er Møre og Romsdal sin kandidat til frivillighetsprisen 2014

Kvart år deler Frivillighet Norge ut pris til ein person eller foreining som har utmerka seg innan frivillig arbeid. Prisvinnaren er nominert saman med fleire enkeltpersonar og organisasjonar i vårt fylke, og er valt ut av ei arbeidsgruppe leia av Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart fylke vel ut ein person som blir nominert vidare til den nasjonale kåringa.

Les meir

-Vi er avhengige av vatn for å leve

Lunsj i kantina, med stengte kraner.  Dette var det som møtte tilsette rundt på rådhusa i Møre og Romsdal fredag 10. oktober.  Målet var å få fokus på årets tema for TV-aksjonen 2014:  «Vann forandrer alt», med å gje folk ei kjensle av korleis det er å ikkje ha fri tilgang til vatn.

Les meir

Fylkeskulturkonferansen 2014

Samhandling mellom offentleg og frivillig sektor er hovudtema på dagskonferansen den 26.11.14 i Ålesund.

Les meir

Prest Jens Terje Johnsen får Likestillingsprisen 2014

Likestillingsprisen for 2014 i Møre og Romsdal går til Jens Terje Johnsen, også kjend som Jens Prest.  –Eit einstemmig utval meiner at han har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket vårt, sier Eva Vinje Aurdal, leiar i Likestillingsutvalet.

Les meir

Nettverkssamling for frisklivssentralane i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Møre og Romsdal idrettskrets inviterer til nettverkssamling for frisklivssentralane i Møre og Romsdal den 21.-22.oktober 2014.

Les meir

-Eit meir aldersvennleg samfunn: Fylkeseldrekonferansen 2014

Torsdag 2. oktober 2014, blir årets fylkeseldrekonferanse arrangert i Molde. – Temaet som blir teke opp er tankar rundt det å få til nettopp eit meir aldersvennleg samfunn, og korleis kan vi planlegge for å få til dette, seier Johannes J.Vaag, møteleiar for konferansen og nestleiar i fylkeseldrerådet Møre og Romsdal.

Les meir

Kultursekken 2014/2015 er klar

Over 100 turnear skal ut til skolar og barnehagar i Møre og Romsdal dette skoleåret. Alle elevar frå 1.-10.trinn får fire kulturopplevingar, medan elevane i vidaregåande skole får tre. Velkomen til den kulturelle skolesekken 2014/2015.

Les meir

Bokbåten til Møre og Romsdal i tida 9. september til 2. oktober

Bokbåten Epos legg frå kai i Ålesund tysdag 9.9. Første stopp er Stokksund på søre Sunnmøre. Vi skal besøke 71 stader med utlån av bøker og framsyningar.  Nytt stopp er Søvik i Haram kommune.  Båten er som vanleg fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar.

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.