Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultur

Nordmørsk førjulsstemning med Møremusikarane

Møremusikargruppa «Fjord og Fjell» har saman med folkesongaren Gro Kjelleberg Solli utforma og arrangert eit utval folketonar frå Nordmøre. Dette er tonar som alle har tilknyting til jula på ulike vis, og blir no spelt ulike stader på Nordmøre fram mot jul.

Les meir

Korleis kan kommune og frivillig sektor samarbeide betre?

Dette var hovudtema på Fylkeskulturkonferansen 2014. Over 160 personar, både frå det offentlege og frivillige deltok.

Les meir

Samhandling mellom offentleg og frivillig sektor - Fylkeskulturkonferansen 2014

Onsdag er det klart for Fylkeskulturkonferansen i Ålesund.

Les meir

Fylkeskulturprisen 2014 blir tildelt Ragnar Ulstein

Bakgrunnen for tildelinga er Ulstein sitt forfattarskap, særleg som krigshistorikar der han har dokumentert historia også frå vår region.  

Les meir

Fire tildelt kunstnarstipend for 2014

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok 10.11.14 å tildele kunstnarstipend for 2014 til fire personar. Til saman blir det delt ut 300 000 kroner.

Les meir

Møremusikarane i gang med arbeidsplasskonsertar

Møre og Romsdal fylkeskommune og Møremusikarane har starta med arbeidsplasskonsertar rundt om i fylket. I november er det alle sjukehusa fylket som har bestilt lunsjkonsertar med Asgeir Hoffart, Judit Toth Sylthe, Per Kåre Fossum og Lone Eines.

Les meir

Møte i kultur-og folkehelseutvalet 10.november

Tildeling av kunstnarstipend 2014 og Fylkeskulturprisen 2014 er to av sakene som skal behandlast i utvalet. Økonomiplan 2015-2018 står også på dagsorden i dette møtet i kultur-og folkehelseutvalet. 

Les meir

Utvida påmeldingsfrist til Fylkeskulturkonferansen

Fylkeskulturkonferansen går av stabelen onsdag 26. november i Ålesund. Til no er det 116 personar som er påmeldt.

Les meir

Kulturtorget 2015

Kultursekken sin viktigaste møte- og visningsarena, Kulturtorget, blir arrangert 29.-30.januar 2015 i Molde.

Det blir som alltid to innhaldsrike dagar med kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst. Programmet ligg no klart.

Les meir

Søkjer kandidatar til Fylkeskulturprisen 2014

Kjenner du ein person eller organisasjon som har gjort ein kulturinnsats utanom det vanlege i Møre og Romsdal? Det er framleis mogeleg å sende inn framlegg til kandidatar til Fylkeskulturprisen 2014. 

Les meir

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post
Monica Kjøl Tornes Monica Kjøl Tornes
Ass. fylkeskultursjef
71 28 02 91 /
Mob. 971 95 375
Send e-post

Om kulturavdelinga

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit omfattande engasjement innan kulturområdet og har koordinerande ansvar på folkehelseområdet. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med kommunane, organisasjonar og institusjonar. Kultur- og folkehelseutvalet har det politiske sektoransvaret medan fylkeskultursjefen har det faglege og administrative ansvaret. Møre og Romsdal fylkeskommune sine arbeidsområde innan kultur omfattar planarbeid, rådgjeving, forvalting av lovverk om kulturminne, kulturtilskot, spelemidlane, statlege tilskotsordningar, initiering og gjennomføring av ungdomskulturtiltak, forvaltning av folkehelselova, drift av folkehelsepartnarskapet God Helse, Møremusikarordninga, fylkesbiblioteket, kulturformidlingstiltak, drift av Kultursekken og utvikling av fagområda fysisk aktivitet og friluftsliv.