Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møte/konferansar

Kontrollutvalet har 8 ordinære møte i året, men kan ha ekstraordinære møte når behovet tilseier det, etter avgjerd i kontrollutvalet sjølv.  Møta er opne for publikum. 

Møta blir normalt lagt til Fylkeshuset i Molde, men kontrollutvalet legg av og til møta til anna fylkeskommunal verksemd i fylket, t.d. til ein vidaregåande skole.  Møtetidspunkta og møtestad blir kunngjort i avisannonsar i fylkeskommunens felleskunngjering ein gong i månaden, og er elles å finne på forsida til www.mrfylke.no under vignetten "Kva skjer?".

Kontrollutvalet kan i særlege høve gjennomføre høyringar, spesielt dersom det er viktig å få informasjon om eit saksforhold direkte frå kjelda i møte. Høyringar blir gjennomført etter ei eiga prosedyre fastsett i reglementet for kontrollutvalet.

Møteinnkalling med saksdokument blir normalt sendt ut ei veke før møtedatoen.  Saksdokumenta er offentlege, så sant det ikkje er opplysningar i dokumenta som etter lovbestemt teieplikt må unntakast. Møtedokumenta er samla her.   

Fylkesrevisjonssjefen har etter kommunelova § 78 teieplikt om alt han får kjennskap til i revisjonsarbeidet , og rapportar om revisjonsarbeidets gang er det normalt gjort unntak for etter offentleglova.

I tillegg deltar medlemene i kontrollutvalet i ulike faglege samlingar og konferansar, både riksdekkane som NKRFs kontrollutvalskonferanse og FKTs fagkonferanse, og regionale konferansar i samarbeid med andre fylkeskommunale kontrollutval.

Presentasjonar frå nokre av konferansane er lagt ut nedanfor.

 (Oppdatert 03.10.2013)


Konferanse for fylkeskommunale kontrollutval i Midt-Norge og kontrollkomiteen i Trondheim kommune, Surnadal, 4. - 6. sept. 2012

Den årlege konferansen for kontrollutvala i dei fire store kommuneorganisasjonane i Midt-Norge var i 2012 lagt til Surnadal .  Om lag 25 deltakarar frå kontrollutvala i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar samt kontrollkomiteen i Trondheim kommune var til stades.

Les meir

Kontrollutvalets studietur til Brussel sept. 2012

Medlemmene i kontrollutvalet gjennomførte i dagane 22. - 26. sept. 2012 ein studietur til Brussel, der hovudfokus var å få kjennskap til EUs oppbygging og verkemåte, og om måten den norske representasjonen mot EU arbeider.

Studieturen var eit samarbeidprosjekt mellom kontrollutvala i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar, og var tilrettelagt og gjennomført med god hjelp av dei tilsette ved Vest-Norges Brusselkontor.

Les meir

Kontrollutvalets studietur til Oslo mars 2013

Kontrollutvalet avvikla den 18. - 19. mars 2013 ein studietur til Oslo, i eit felles arrangement med kontrollutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar.  Målet med studieturen var å få kjennskap til og kunnskap om sentrale institusjonar og aktørar og deira gjeremål, som er av betydning for arbeidet i kontrollutvalet. 

Les meir

Konferanse for fylkeskommunale kontrollutval i Midt-Norge, 24. - 25. okt. 2013

Den årvisse konferansen for dei fylkeskommunale kontrollutvala i Midt-Norge vart avvikla på Orkanger i Sør-Trøndelag den 24. - 25. okt., med kontrollutvalet i Sør-Trøndelag fylkeskommune som vertskap.  Medlemene i Kontrollkomiteen i Trondheim kommune deltar og i konferansen, saman med representantar for respektive revisjonar og kontrollutvalssekretariat.

Les meir

Høyring i kontrollutvalet 23. april 2014

Kontrollutvalet har vedtatt å avvikle ei høyring for å sjå til på kva måte konklusjonane og anbefalingane i to forvaltningsrevisjonsrapportar knytt til fråfallsproblematikk i vidaregåande opplæring blir følgde opp i fylkeskommunen.

Les meir

Samling for fylkeskommunale kontrollutval på Vestlandet 6. - 7. mai 2014

Dei 4 fylkeskommunale kontrollutvala i Vestlandsfylka møttes i Bergen den 6. - 7. mai 2014 til ei felles samling med tema knytt til kontrollutvalas arbeidsfelt i fylkeskommunane.  Utanom medlemene var kontrollutvalas sekretariat representert samt nokre revisjonseiningar.

Les meir