Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kva gjer kontrollutvalet?

Verksemda i kontrollutvalet blir regulert av forskrift om kontrollutval og eit eige reglement for organisasjon og saksbehandling i kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontrollutvalet har 5 medlemer, av desse er leiaren medlem i fylkestinget. Møta i kontrollutvalet er opne for alle. Møterett har elles fylkesordføraren, fylkesrevisjonssjefen og ev. andre oppdragsansvarlege revisorar.

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med fylkesrevisjonen og at fylkeskommunens rekneskap blir revidert på ein trygg måte.  Kontrollutvalet skal gjennom planar foreslå kva for område innan forvaltninga som skal vere gjenstand for forvaltningsrevisjon (kommunelova § 77 nr 4), og om det bør gjennomførast selskapskontroll i heileigde selskap (koml. § 80).  Vidare skal kontrollutvalet føre tilsyn med at fylkeskommunens interesser i selskap (IKS og AS) blir tilfresstillande ivareteke (koml. § 77 nr 5).

Jamvel om kontrollutvalet er eit sjølvstendig tilsynsorgan og etter eige vedtak kan sette i verk kontrolltiltak, vil utvalet i stor grad måtte basere sitt tilsyn på rapportar og munnleg informasjon frå fylkesrevisjonen. Utanom å skaffe seg informasjon på denne måten, kan kontrollutvalet kalle inn og rette spørsmål  til fylkesrådmannen, eventuelt at avdelings- og etatsjefar o.a. møter i staden for å gjere nærare greie for ulike saksområde. Kontrollutvalet kan og invitere andre utanom fylkeskommunen til å legge fram synspunkt på den fylkeskommunale verksemda. Kontrollutvalet har høve til foreta synfaringar og å besøke skolar og andre av fylkets etatar og verksemder for å få orienteringar.

Kontrollutvalet har vide fullmakter til å undersøke alle tilhøve som vedkjem fylkeskommunens verksemd. Kontrollutvalet har rett til å få opplysningar av kva slag det skal vere, og få tilgang til saksdokument og arkiv uavhengig av teieplikt. Medlemene har sjølv teieplikt om opplysningar som dei på denne måten blir gjort kjende med.

Kontrollutvalet er eit internt organ i fylkeskommunen og behandlar normalt ikkje saker frå private partar, eller klager på enkeltvedtak i fylkeskommunen. Utvalet kan heller ikkje overprøve om politiske vedtak i fylkeskommunen er formålstenlege.  Tips utanfrå (sjå lenke) om kritikkerdige tilhøve i fylkeskommunen kan kontrollutvalet motta.

Fylkestinget fastset for kvar valperiode ein plan for verksemda i kontrollutvalet, som nærare gjer greie for kva føresetnader og overordna strategiar som kontrollutvalet vil følgje i tilsyns- og kontrollarbeidet. Plandokumentet for inneverande periode kan lesast i menyen til høgre. 

Kontrollutvalet utarbeider åreleg ein rapport om verksemda si, til fylkestinget.  Les siste års årsrapport i menyen til høgre. 

Les meir om to av kontrollutvalets viktigaste oppgåver - forvaltningsrevisjon og selskapskontroll, i menyen til venstre.

Meir informasjon om fylkesrevisjonen finn du under menypunktet til venstre.