Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdomsmidlane for hausten 2017 er fordelt

Kontaktpersonar

Lovise Almklov Lovise Almklov
Rådgiver
Mob. 452 66 018
Send e-post

Ungdomsmidlane for hausten 2017 er fordelt

Ungdomspanelet har under møtet sitt i desember, delt ut 125 000 kroner til ulike tiltak som gagnar ungdom i Møre og Romsdal.

- Ut i frå dei 25 søknadane vi har fått inn, ser vi tydeleg at ungdom i Møre og Romsdal er veldig engasjerte, og at mangfaldet er stort. Det er veldig artig å sjå at så mange ønsker å sette i gang tiltak for unge der dei bor , seier Urte Karanauskaite, leiar i Ungdomspanelet.

Av søknadane som kom inn, er det ni som får støtte. Det totale søknadsbeløpet for hausten 2017 var på over 900 000 kroner. -Dessverre er det ikkje mogeleg å støtte alle med dei beløpa som dei ønskjer. Ungdomspanelet hadde nokre diskusjonar for å komme fram til kven som skulle få støtte ved denne utdelinga, men til slutt vart vi einige om å prioritere flotte tiltak som kan gange mange over tid, fortel leiaren.

1. april er neste frist for å søke på ungdomsmidlane. -Det er viktig at ungdommen brukar den flotte moglegheita til å søke på midlar, seier han. I år har vi valt å støtte alt i frå kickboksing-utstyr, til sjakkturnering, kampanje for russ i 2018, til ein innandørs klatrehall, seier nestleiar Ulv Johannes Ottem.

-Gong på gong viser ungdom i Møre og Romsdal at dei er engasjerte, og at ungdomsmidlane bidrar til å gjere det betre å være ung i Møre og Romsdal. Vi i ungdomspanelet håper at ungdommane ikkje sluttar å søke om midlar, sjølv om dei ikkje har fått tildelt midlar denne gongen. Det å kunne bidra med økonomisk støtte til ulike formål er noko vi sett stor pris på, seier Karanauskaite. –Vi ser fram til å dele ut endå fleire midlar våren 2018, avsluttar ho.

Kvart år deler ungdomspanelet ut 250 000 kroner, fordelt på to utdelingar. Fristane for å søke er 1.april og 1.desember. Tilskot som stimulerer ungdomsengasjement, samt alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen, blir særleg prioriterte.

 

Desse fekk støtte:

Søkar Tiltak Tilsegn
Møre Tour 2017 Møre Tour i sandvolleyball 8 000 kr
Lepsøy Bygdeutval Utbetring/tryggare leikeområde og kunstgrasbane 19 300 kr
Harøy IL – klatregruppe Innendørs klatrevegg 20 000 kr
Carl-Henrik Moltumyr Utvikling av LAN – paintball tilbod 15 000 kr
Ytre Gurskøen ten-sing Innkjøp av utstyr 15 500 kr
Ålesund Kickboxingklubb Innkjøp av diverse utstyr 7 200 kr
N.K.S. Møre og Romsdal Holdningsskapande kamanje rettet mot Russ-18 10 000 kr
Skodje ungdomsråd Skateanlegg 20 000 kr
Kristiansund Sjakklubb Støtte til utstyr sjakkfestival 10 000 kr
Sum:   125 000 kr

 

Kontaktpersonar: 

- Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet, mob. 925 69 071

- Ulv Karlsen Ottem, nestleiar i ungdomspanelet, mob. 958 06 725