Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ungdommens miljøkrav

Ungdommens miljøkrav

Innan 2020 skal alle ungdomsråd i fylket vere ein pådrivar for at kommunane gjennomfører minst fem konkrete tiltak for å betre miljøet. Prosjektet har fått namnet ungdommens miljøkrav.

Nestleiar Håvard Bjørnerem.

– Dette er eit prosjekt som sørger for å involvere oss ungdom i ei kjempeviktig og aktuell sak, nemleg å ta vare på miljøet vårt. Miljøproblematikken er ei veksande utfordring som det er viktig å snakke om, og vi ser at fleire og fleire unge engasjerer seg i temaet, seier nestleiar i ungdomspanelet, Håvard Bjørnerem.

Arbeidet med ungdommens miljøkrav starta under ungdommens fylkesting i 2014, og er no ein del av klima- og energiplanen for Møre og Romsdal fylkeskommune for 2015-2020. Ungdomspanelet har fått eit særskilt ansvar for å vere ein pådrivarar ovanfor ungdomsråda ute i kommunane, og jobbar mellom anna med å få ei oversikt over gjennomførte og påtenkte tiltak.

– Vi arbeider kontinuerleg med å halde ein god dialog med alle ungdomsråda i fylket for at miljøtiltaka skal bli gjennomført ute i kommunane. Det er viktig at dei får støtte, råd og tips heilt til mållinja. Arbeidet vårt er ikkje slutt før vi ser at tiltaka har blitt gjennomført, seier Bjørnerem. 

Innan 15. oktober skal alle ungdomsråda sende inn dei fem tiltaka dei har bestemt seg for å gjennomføre. Under ungdommens fylkesting i november vil ungdomspanelet legge fram ein tilstandsrapport på arbeidet.

– Ungdomspanelet er ganske opptatt av at ungdomsråda tek miljøsaka inn og gjer den til si eiga. Det er dei som veit kva for tiltak som er best å satse på for å ta vare på miljøet i den kommunen dei bur i. Vi gler oss til å sjå på alle dei kreative tiltaka som kjem inn, avsluttar Bjørnerem.

 

Gruppebilde av ungdomspanelet 2017

Nestleiar Håvard Bjørnerem, Håkon Strand, Ola Mæle, Eirik Wiik Lyngved, Simon Sandnes, Lene Larsgård og Urtė Karanauskaitė.

 

Les meir om ungdomspanelet her!