Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > -Tusen takk Møre og Romsdal!

Kontaktpersonar

Gunn Berit Gjerde Gunn Berit Gjerde
Fylkesvaraordførar
Mob. 415 44 001
Send e-post

-Tusen takk Møre og Romsdal!

For første gong er Møre og Romsdal på innsamlingstoppen i TV-aksjonen. Med eit resultat på kr. 52.05 Per innbyggjar har vi slått resten av landet og har også eit solid forsprang til Sogn og Fjordane på andre plass. Dette skriv fylkesaksjonskomiteen i Møre og Romsdal i ei pressemelding. 

Fylkesaksjonskomiteen i Møre og Romsdal med fylkesaskjonsleiar Marius Hammer i front. 

Viktigast er at vi får vere med å legge til rette for mykje skulegang  for born i land med krig og konfliktar for desse pengane, men det er også veldig kjekt å markere fylket vårt på denne positive måten..

Det har vore gjort ein formidabel innsats i alle ledd for å få til dette resultatet. Medlemene i fylkesaksjonsnemnda har brukt godt kontaktene sine, og kommunane har vore oppfinnsame og gjort ein kjempeinnsats med sine aksjonsleiarar i spissen. Ikkje minst har skulane med alle elevane  som har sprunge for å samle inn pengar til born som ikkje får å på skule , vore heilt avgjerande for resultatet. Ordførarane har også tatt innsamlingsaksjonen på alvor.

Fylkesnemnda sender ei stor takk til fylkesaskjonsleiar Marius Hammer som har stått på seint og tidleg for å engasjere folk. Då han starta som aksjonsleiar var Møre og Romsdal på 13. plass, i fjor var fylket på 4. plass og i år kan han altså feire ein 1.plass!. Ikkje minst har harn satsa i si eiga kommune, Sula, som kan notere topplassering i fylket.  Det har vore ei fantastisk reise fylkesnemnda har fått gjort ilag med Marius Hammer!

For fylkesaksjonskomiteen i Møre og Romsdal

Gunn Berit Gjerde , fylkesvaraordførar