Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Trafikktryggingsprisen 2017 går til Synnøve Rekkedal Hill

Kontaktpersonar

Iver Gunnar Nordseth Iver Gunnar Nordseth
(V) leiar av Ftu
91 81 14 41 /
Mob. 918 11 441
Send e-post
Henny Totlandsdal Henny Totlandsdal
Rådgivar
71 28 02 63
Send e-post

Trafikktryggingsprisen 2017 går til Synnøve Rekkedal Hill

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Møre og Romsdal har tildelt Trafikktryggingsprisen 2017 til Synnøve Rekkedal Hill frå Sæbø i Ørsta kommune.

Foto: Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

–Synnøve Rekkedal Hill er ei av dei mange eldsjelene som er så viktige for lokalsamfunna. Ho har vore aktiv og engasjert seg gjennom ei årrekkje i ulike delar av samfunnsutviklinga lokalt i Ørsta og Bondalen. Ho har i mange år arbeidd også for trafikktrygging, ikkje minst med tanke på dei yngste i samfunnet, seier Iver Nordseth leiar i FTU Møre og Romsdal.

I 2017 har det vore gjennomført fleire vellykka tiltak innan trafikksikring, med bakgrunn i engasjementet frå Synnøve Rekkedal Hill. Synnøve tok initiativ til og følgde opp ei bygdemobilisering for etablering av fleire trygge og trafikksikre ventestadar med busskur langs heile fylkesveg 655 i Bondalen, ei strekning på til saman 25 km. Dette vart eit unikt prosjekt der initiativtakaren samla aktuelle gardbrukarar og grunneigarar langs fv.655, fekk i stand avtalar og samarbeid med kommunen, og inngjekk eit frivillig samarbeid og spleiselag.

Statens Vegvesen og fylkeskommunen var med i ein god dialog, slik at arbeidet vart utført etter spesifikke vegtekniske krav og vurderingar, og med tilskot frå fylkeskommunen gjennom FTU. –Dette er altså eit unikt prosjekt med alle involverte partar, men det starta med ei bestemor som var livredd for barnebarna sine, seier Nordseth. 

Synnøve Rekkedal Hill har også kome med innspel til andre trafikksikringstiltak, og har tatt initiativ til søknader om vegetasjonsryddig, som også gir betre sikt og høgre trafikktryggleik.

 –Som vi ser, er Synnøve Rekkedal Hill ein person som over tid utvilsamt har vist og fortsatt viser eit engasjement for trafikktrygging, langt utover det vi normalt kan forvente, avsluttar Nordseth.

 Prisen blir delt ut på Fylkestinget i oktober.