Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > To prisar vart delt ut på fylkestinget

To prisar vart delt ut på fylkestinget

Fylkestinget starta med utdeling av Trafikktryggingsprisen og Likestillingsprisen for 2017. 

Frå venstre Marit Nerås Krogsæter, prisvinnar Torunn Haldorsen og fylkesordførar Jon Aasen.

Eldsjela frå Ørsta

Synnøve Rekkedal Hill frå Sæbø i Ørsta kommune er mottakar av Trafikktryggingsprisen 2017. Forslaget om Hill som prisvinnar er Ørsta kommune. Hill har i fleire år engasjert seg breitt i samfunnsspørsmål, og engasjementet for trafikktryggings starta for 30 år sidan.

­-Å vere uthalden er viktig i slike samanhengar, sa Iver Nordseth, leiar i trafikktryggingsutvalet. Nordseth sa han håpar at prisen til Hill inspirerer andre til å fortsette arbeidet med trafikktrygging i fylket vårt.

-Eg vart først svært overraska når eg fekk beskjed om at eg hadde fått prisen. Etter at ta forbausinga la seg, vart eg stolt og glad, sa Rekkedal Hill i takketalen. -Det starta med borna mine som måtte stå i brøytekanten, når brøytebilen køyrde forbi. Då eg såg eg igjen borna som stod i  brøytekanten vinteren 2016, vakna den gamle aksjonisten.

Hill avslutta med eit hjartesukk: ­-Det må bli enklare å sette ned fartsgrensa frå 80 til 60 der det er mange avkjørslar. Det er minimalt vi sparar på å køyre i 60 i staden for 80. Men for trafikktrygginga har det stor verdi.

Les meir om grunngjevinga for tildelinga her

Sjå intervju med prisvinnaren her:

 

Fekk pris for nybrotsarbeid

­-Dette er første gonga prisen går til nokon som arbeider for likestilling for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT), og det er på tide, sa leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Korgsæter.

Prisvinnar Torunn Haldorsen har gjort eit nybrottsarbeid, for framleis er det mange som har fordommar mot homofile, sa Krogsæter.  Haldorsen arrangerer årlege arrangement for LHBT-personar og andre, fortalde Krogæter.

-Utmerkinga kom utruleg overraskande. Vi har veldig mykje å jobbe for, men eg vil kalle Møre og Romsdal som føregangsfylke. Det blir gjort mange småting for folk, som vi ikkje tenker over, men som er viktig for at mange grupper i samfunnet skal føle seg inkludert.

Haldorsen fortalte at prisen allereie har gitt store ringverknader for arbeidet hennar. –Mange har tatt kontakt med meg etter at tildelinga vart kjend. – Dette har vore både ungdom nede i 14-årsalderen, unge vaksne og godt vaksne, fortalte Haldorsen.

-Eg går ikkje på barrikadane og står ikkje først i demonstrasjonstoga for meir likestilling. Men eg arbeider for å gjere kvardagen enklare, betre og gladare for dei rundt meg, sa ein glad prisvinnar.

Les meir om bakgrunnen for tildelinga av Likestillingsprisen 

Sjå intervju med prisvinnar Torunn Haldorsen her: