Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Stort engasjement på del to av Elevrådskonferansen

Kontaktpersonar

Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 66 /
Mob. 993 01 564
Send e-post
Lovise Almklov Lovise Almklov
Rådgiver
Mob. 452 66 018
Send e-post

Stort engasjement på del to av Elevrådskonferansen

Denne veka deltok over halvparten av dei vidaregåande skolane på eit arbeidsseminar om ung medverknad i elevrådet. 

Ole Stensby frå Surnadal hadde innlegg om kvifor det er viktig med engasjement.

Målet med konferansen var å styrke elevrådsarbeidet på dei vidaregåande skolane, og at dei som jobbar i og med elevråd skulle få moglegheit til å dele erfaringar, gode eksempel og diskutere ulike utfordringar. Elev- og lærlingombodet Tove Regine Stranden og UNG-koordinator Lovise Almklov stod bak arrangementet. 

Konferansen var retta mot elevrådskontakten ved skolen og leiar og nestleiar i elevrådet. Det var en aktiv dag med høg grad av deltaking. Konferansen starta med nokre eksempel på bli kjent-aktivitetar som gir eit godt utgangspunkt for dialog og samhandling. Deltakarane blei vidare utfordra på problemstillingar knytt til elevdemokrati i praksis, kvifor engasjere seg og kva styrkar kvart enkelt elevråd har. 

-Utan engasjement er det ikkje moglegheit for endring, sa Ole Stensby da han snakka om kvifor ein skal engasjere seg. Han seier sjølv at han ikkje er ein spesielt engasjert person, men han er oppatt av at ungdom må bruke stemma si. Ole sit som leiar i ungdomsrådet i Surnadal kommune, leiar i elevrådet ved Surnadal vidaregåande skole og er medlem i ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Siste del av konferansen blei gjennomført som ein «kreativ kaffipause-konferanse», med temaet: Kva utfordringar møter vi i elevrådsarbeidet, og korleis kan vi løyse disse? Deltakarane fekk sjølv komme opp med problemstillingar som var aktuelle for dei, og samla seg i grupper etter kva dei var interessert i å diskutere.

Dei som driv med elevrådsarbeid, både dei tilsette på skolen og elevane, seier at godt elevrådarbeid krev samarbeid og engasjement. Det er viktig at det er gode haldningar til elevmedverknad og at vi legg vekt på gode løysingar. Elevmedverknad krev kontinuerleg arbeid og gode rammer. Fylkeskommunen har i sitt handlingsprogram for kompetanse og verdiskaping 2018 valt å satse ekstra på elevmedverknad. Det skal prege heile skolen sin praksis.

For å lese oppsummeringa av innspela og diskusjonane frå konferansen, sjå mrfylke.no/elo

Bilde frå elevrådskonferansen februar 2018