Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Plastfritt Giske mottok miljøprisen for 2017

Plastfritt Giske mottok miljøprisen for 2017

Den frivillige organisasjonen Plastfritt Giske fekk tysdag tildelt Miljøprisen 2017.

Leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim (Uavh) og fylkesordførar Jon Aasen (Ap), deler ut Miljøprisen 2017 til Ina Giske frå Plastfritt Giske.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Prisen vart delt ut under Fylkestinget, og vart tatt i mot av Ina Giske frå Plastfritt Giske. Fylkestinget fekk høyre om bakgrunnen for miljøengasjementet i Giske og arbeidet som har vore gjort.

Til no er det samla inn over 22 tonn berre i Giske. - Det er berre å fortsette, for det kjem stadig påfyll, sa Giske til forsamlinga. Les meir om grunngjevinga for prisen her.

Her kan du sjå intervju med prisvinnaren: