Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Ole August Iversen er valt som ny nestleiar for ungdomspanelet

Ole August Iversen er valt som ny nestleiar for ungdomspanelet

I helga valde ungdomspanelet Ole August Iversen frå Aukra kommune til ny nestleiar.

Urte Karanauskaite og Ole August Iversen er leiar og nestleiar i ungdomspanelet. 
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Den tidlegare nestleiaren i ungdomspanelet har fått innvilga permisjon ut perioden. Av den grunn vart det valt ny nestleiar. Dette fører også til at 1. varamedlem Andrine Sanden frå Sula no er fast medlem av ungsdomspanelet.

Den nye nestleiaren Ole August Iversen har god erfaring gjennom vervet sitt som leiar i Aukra ungdomsråd. 

- Det er flott å få ein nestleiar som er svært engasjert. Ole August har stor kompetanse innan fleire fagfelt, som til dømes fag- og yrkesopplæring. Dette er viktig med tanke på at yrkesfag og lærlingar er blant hovudsatsingane til ungdomspanelet i år. Eg ser fram til godt samarbeid med han resten av perioden, seier Urte Karanauskaite, leiar i ungdomspanelet.

Også Andrine Sanden har god erfaring innan politikk. Ho sit som leiar i Sula ungdomsråd.

- Det er flott å få fast plass som medlem. Det betyr at eg har moglegheit til å engasjere med enda meir i ungdomspanelet sitt arbeid framover!, fortel Andrine Sanden.

Gjennom denne perioden skal ungdomspanelet i Møre og Romsdal fokusere først og fremst på ungdom og rus, miljø og klima, likestilling, samt yrkesfag og læreplass.

- Det er mykje arbeid som skal gjerast, og eg gleder meg stort til å ta ei aktiv rolle som nestleiar i ungdomspanelet. Eg har trua på at vi kan få til ein god del denne perioden. Det vert svært spennande å engasjere seg vidare for at unge skal få det betre i Møre og Romsdal, seier Ole August Iversen, nyvalt nesteleiar i ungdomspanelet.

-      Det er stor breidde i det vi skal jobbe med resten av perioden. Derfor er det fint at vi har eit så samansett ungdomspanel med interesse og kompetanse innan ulike område. Det er tross alt eit stort mangfald av unge i Møre og Romsdal som skal representerast, avsluttar leiar Urte Karanauskaite.

Kontaktpersonar: