Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Med yrkesfag i søkelyset

Kontaktpersonar

Lovise Almklov Lovise Almklov
Rådgiver
Mob. 452 66 018
Send e-post
Tove Regine Stranden Tove Regine Stranden
elev- og lærlingombod
71 28 04 66 /
Mob. 993 01 564
Send e-post

Med yrkesfag i søkelyset

Torsdag og fredag denne veka var to representantar frå ungdomspanelet, elev- og lærlingombodet og UNG-koordinator på fag- og yrkesopplæringskonferansen i Trondheim for å vere med på å sparke i gang yrkesfaga sitt år 2018.

Framme frå venstre Urtė Karanauskaitė, Tove Regine Stranden, Ole August Iversen og Lovise Almklov.

Det er Elevorganisasjonen i samarbeid med World Skills Norway og regionalt lærlingråd i Trøndelag som arrangerer konferansen, og intensjonen er at den skal informere og inspirere til å satse på yrkesfag. Yrkesfaga sitt år er ein kampanje støtta av Kunnskapsdepartementet.

Ole August Iversen er medlem i ungdomspanelet, og sjølv lærling i sveisarfaget. Han seier at arrangementet har vore innhaldsrikt, og konferansen har sett lys på mange av dei ulike problemstillingane ein yrkesfagelev møter på, både i skolen, i yrkeslivet og frå holdningar  i samfunnet. -Trøndelag fylkeskommune viser at dei tek lærlingane på alvor, og har oppretta eit eige lærlingråd som gir lærlingane ei stemme inn i politikken, seier Ole August.

Regionalt lærlingråd Trøndelag er ein av arrangørane bak fag- og yrkesopplæringskonferansen. Dette er no det einaste lærlingrådet i landet.

Ei av hovudsatsingane i handlingsprogrammet til ungdomspanelet er yrkesfag og læreplass. Dei skal mellom anna arbeide aktivt for å skaffe fleire læreplassar i fylket, dei skal arbeide for å redusere fråfall i vidaregåande opplæring og dei ønsker å sjå på rådgivingstenesta.

-Denne konferansen har verkeleg gitt innsikt i kvardagen til dei som går yrkesfag og det dei møter dagleg. Kanskje det faktisk er for dårleg rådgivingsteneste, for lave utstyrsstipend, dårleg utstyr og for få lærlingplassar som ligg bak fråfallet på yrkesfaglege linjer? Dette er utfordringar som Elevorganisasjonen sett lys på, og som ungdomspanelet må ta på alvor når vi no skal jobbe vidare med handlingsprogrammet vårt» seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.

Saman med blant anna Elevorganisasjonen og elev- og lærlingombodet ønsker ungdomspanelet gjennom sitt arbeid med handlingsprogrammet å vere med på å løfte yrkesfag og dei mogelegheitene ei slik utdanning gir. 

Bilde av fire rygga med logoen til yrkesfagas år