Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Margaret Rensvik fekk fylkeskulturprisen 2017

Margaret Rensvik fekk fylkeskulturprisen 2017

Etter mange år med ein stor innsats for kunst- og musikklivet i regionen, fekk Margaret Rensvik frå Kristiansund årest Fylkeskulturpris.

Margaret Rensvik får Fylkeskulturprisen 2017. Delt ut av leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, fylkesordførar Jon Aasen. 

Rensvik er utdanna pianist, akkompagnør og musikklærar med diplom i song i tillegg. Ho er opprinneleg frå England, men har budd i Noreg dei siste 40 åra, og har på den tida vore ein viktig bidragsytar til musikklivet i Møre og Romsdal. Her kan du lese grunngjevinga frå kultur-og folkehelseutvalet.

Rensvik vart tildelt prisen under Fylkestinget 12. desember, og hadde samstundes ein minikonsert i tillegg til takketalen.

Sjå intervju med Rensvik her: