Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Gunn Randi Seime tilsett som assisterande fylkesrådmann

Kontaktpersonar

Gunn Randi Seime Gunn Randi Seime
Ass. fylkesrådmann
71 28 01 85 /
Mob. 40 86 97 13
Send e-post
Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Gunn Randi Seime tilsett som assisterande fylkesrådmann

Fylkesutvalet tilsette i dag Gunn Randi Seime (44) som assisterande fylkesrådmann. Seime har solid erfaring frå offentleg sektor, mellom anna frå stillinga som økonomisjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Seime er utdanna Cand.polit. med hovudfag sosialøkonomi ved Universitetet i Bergen, og har brei erfaring frå offentleg forvaltning. I perioden 1999 til 2007 arbeidde ho i Finansdepartementet som konsulent, rådgivar og underdirektør. Frå 2007 til 2011 var ho tilsett som økonomirådgivar i Helse Møre og Romsdal, og frå 2012 har Seime vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune. Her var ho først tilsett som budsjettkoordinator, og gjekk etter kvart over i stillinga som økonomisjef.  I løpet av denne perioden har ho og gjennomført fylkeskommunen sitt leiarutviklingsprogram.

 -Eg er stolt og glad for den tilliten fylkesutvalet no har gitt meg. For nokon med min bakrunn er stillinga som assisterande fylkesrådmann, ei av dei mest utfordrande stillingane i Møre og Romsdal. Eg er svært tilfreds med å få denne stillinga. Eg ser at dette vil vere ei krevjande stilling i åra som kjem, men det er ei oppgåve eg gler meg til å ta fatt på, seier Seime.

Seime tek til i stillinga 1. januar 2018.