Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Fylkesrådmannen foreslår investeringar for 6,5 milliardar dei neste fire åra

Kontaktpersonar

Ottar Brage Guttelvik Ottar Brage Guttelvik
Fylkesrådmann
71 28 01 63 /
Mob. 901 08 512
Send e-post

Dokument

Fylkesrådmannen foreslår investeringar for 6,5 milliardar dei neste fire åra

Med ein investeringsplan på nær 6,5 mrd. kroner dei neste fire åra, og eit driftsbudsjett for 2018 på 3,8 mrd. kroner, er det ein offensiv Økonomiplan 2018-2021 fylkesrådmannen legg fram til politisk behandling. 

I dag la fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik fram forslag til økonomiplan for 2018-2021. 

- Det er fleire årsaker til at vi legge opp til eit så høgt drifts- og investeringsnivå. Vi skal sikre eit godt tenestetilbod og ei forsvarleg drift, samstundes som vi skal følge opp investeringar knytt til politiske vedtak. I tillegg har vi eit stort vedlikehaldsetterslep på både fylkesvegnettet og skolebygg som vi må ta tak i, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Store miljøkrav og investeringar på samferdsel

Nordøyvegen utgjer den tyngste satsinga for Møre og Romsdal fylkeskommune dei neste fire åra.

I 2018 er det sett av i overkant av  525 mill. kroner, og litt over 2,6 mrd. kroner i økonomiplan-perioden. Samstundes vil nye ferjeanbod med miljøkrav utløyse store investeringar, og det er i økonomiplanperioden lagt inn 670 mill. kroner til miljøtilpassing av ferjekaier. Godøytunnelen må i samsvar med Tunnelsikkerheitsforskrifta utbetrast, noko som er kostnadsrekna til 403 mill. kroner. Totalt er det lagt inn investeringar på samferdselsområdet på nærare 5 mrd. kroner i økonomiplanperioden.

1,4 mrd. kroner til investering i skolebygg

Over fleire år har det vore etterslep på vedlikehald av dei vidaregåande skolane, noko som har medført at det er behov for ei betydelig opprusting. I økonomiplanperioden er det derfor foreslått å investere i overkant av 1,4 mrd. kroner på dette området.

3,8 mrd. kroner i drifsbudsjett i 2018

For å sikre ei forsvarleg drift av dei fylkeskommunale tenestene, er det i 2018 lagt opp til eit driftsbudsjett på 3,8 mrd. kroner. Utdannings- og samferdselssektoren er det dei største sektorane med høvesvis 1,6 mrd. kroner til utdanning og 1,5 mrd. kroner til samferdsel. Dette er om lag same nivå som i 2017.

Tre sentrale innsatsområde

Fylkesplan 2017-2020 har tre innsatsområde; kultur, samferdsel, kompetanse og verdiskaping. Desse satsingsområda er innarbeidd i økonomiplan 2018-2021 med mellom anna betra og meir tilrettelagt kollektivtilbod, krav til miljøferjer i nye anbodspakkar, vidareføring av byutviklingsfond, styrking av musea og satsing på mat, kultur og reiseliv.

Regional samfunnsutviklar

Store og raske samfunnsendringar legg føringar for korleis Møre og Romsdal fylkeskommune skal utøve rolla som regional utviklingsaktør. For å styrke regionen ønskjer fylkesrådmannen å starte arbeidet med ei breitt anlagt satsing på samfunnsutvikling i Møre og Romsdal fram mot 2025. Satsinga vil primært vere retta mot å samordne og forsterke offentleg sektor si rolle som samfunnsutviklar. Målet er at ein i større grad  saman, og samordna, kan ta grep for å sikre ei positiv utvikling i den nye regionen Møre og Romsdal.

Kompetansemiljø og arbeidsplassar i Kristiansund

Fylkesrådmannen ønsker vidare å bygge eit kompetansemiljø i Kristiansund der vi samlar fylkeskommunale tenestetilbod. Per i dag har tre tilsette kontor på kommunehuset i Kristiansund, Dette miljøet ønsker vi å bygge ytterlegare ut, og FRAM kundesenter, ny kompetanseklinikk for tannhelsetenesta og andre fylkeskommunale tenester vil inngå i kompetansemiljøet.

Store økonomiske utfordringar

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha store økonomiske utfordringar i åra som kjem, mellom anna:

  • Gjennomføring av Nordøyvegen
  • Omfattande behov for investeringar og vedlikehald på fylkesvegnettet
  • Omfattande behov for investeringar og vedlikehald av skolebygg
  • Auka kostnader knytt til nye ferjeanbod med miljøkrav, med tilhøyrande behov for investering i nye ferjekaier.
  • Ingen reell balanse i økonomiplan 2018-2021 utan bruk av driftsfond i åra 2019-2021
  • Allereie høg lånegjeld som belastar drifta ved inngangen til ny økonomiplanperiode

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ha eit høgt drifts- og investeringsnivå dei neste fire åra. Nivået for åra 2019-2021 er høgre enn vi har frie inntekter til å handtere, og for desse åra av økonomiplanen må vi saldere budsjettet ved omfattande bruk av driftsfond. Det betyr at drifts- og investeringsnivået ligg for høgt i høve til dei rammeoverføringane vi får frå staten og prognosen på skatteinntektene. -Bruk av fond til å balansere dei årlege budsjetta er ikkje eit berekraftig opplegg på sikt. Når vi bruker opp driftsfonda våre, mister vi ikkje berre reservar, men vi mister også fleksibilitet og handlefridom. I 2018 må vi derfor setje i gang eit arbeide med å omstille drifta med tanke på å redusere utgiftsnivået dei komande åra, konkluderer Guttelvik.